Livsmeistring og helse

«Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever å bli krenkt eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje det opp.»

Kva dette kan bety for oss i Bakken:

  • Leggje til rette for leik og utfalding
  • Øve på turtaking
  • God organisering av dagen
  • Tilbod om sunt og variert kosthald
  • Deltaking i matlaging
  • Glede og humor i kvardagen
  • Oppleve meistring og eigenverdi
  • Snakke om kjensler, alle kjensler er lov å ha
  • Gi rom for kvile og ro i kvardagen
  • Barna skal bli møtt av autoritative vaksne som tek ansvar og som vidareformidlar bekymringar.