Logoen vår ser no slik ut:
Me vil profilere oss som kystbarnehage, og bruke det i det pedagogiske arbeidet.
I den forbindelse har barnehagen kjøpt eit naust i Rossneset som me kan bruke som base ved sjøen. Her har me endå ikkje innreia og klargjort for dei aktivitetane som ein ser for seg ein kan gjere i og i nærleiken av naustet. Me tenkjer me må finne ut kva me ser for oss, kva aktivitetar og anna ein no har mulighet å gjere med eit naust. Me håpar dette kan berike borna sin kvardag med opplevingar og fine stunder knytt til dei mulighetane som ligg der!
Men det er ikkje berre sjøliv og strand som ligg i begrepet kyst. Livet langs kysten er så mykje, og det er mange spennande tema å ta tak i. Me er no i ein prosess der me skal til med årsplan, og lage ein plan på korleis me vil jobbe med dette.
Me skal også fornye oss med nye avdelingsnavn! Marihøna, Blåklokka og Sommarfuglen vert bytta ut med nye navn.
Barnehagen skal gjere litt endringar når det gjeld bygg og uteområde. Dette kjem me tilbake til når ein veit meir kva tid det skal gjerast.
Men sjølv om me endrar navn, er me framleis Fitjar soknerådsbarnehage! Det er kun den pedagogiske profilen som vert endra. Den utvida kristne formålsparagrafen er ein del av profilen til Bakken kystbarnehage.