Historikk

Fitjar sokneråd dreiv frå 1991 til 2006 korttidsbarnehage i fleire bedehus i Fitjar kommune. Nokre år blei det dreve korttidsbarnehage i alle krinsane: Stranda, Øvrebygda, Dåfjorden og Fitjar sentrum. Barnehagen i krinsane blei nedlagt etter kvart som barnetalet der minka, men i Fitjar sentrum var det ein stor korttidsbarnehage med 32 born heilt til våren 2006.

Fitjar sokneråd såg likevel behovet for fleire heildagsbarnehageplassar i Fitjar kommune, og oppretta stiftinga Fitjar soknerådsbarnehage. Frå 1.august 2006 var heildagsbarnehagen Fitjar soknerådsbarnehage ein realitet, den første tida i midlertidige lokale i Fitjar bedehus. Ein verna bustad som kommunen hadde for sal blei kjøpt sommaren 2005, og etter ein lengre planleggings- og byggeperiode kunne me ta i bruk den nye barnehagen i Bakken i desember 2007.