Barn og barndom
«Barnehagen skal anerkjenne og verne om eigenverdien til barndommen. Å bidra til at alle barn som går i barnehage, får ein god barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt. Barnehagen er òg ei førebuing til aktiv deltaking i samfunnet og bidreg til å leggje grunnlaget for eit godt liv.»
Kva dette kan bety for oss i Bakken:
- Verne om leiken, og eigenverdien i leiken
- Vaksne tilstades i leik
- Fokus på sosial kompetanse
- Gode relasjonar mellom barn -vaksne og barn-barn
- At borna blir sett og høyrt
- Oppleving av tryggleik og omsorg
- Mykje humor og glede i kvardagen