Berekraftig utvikling
«Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.»
Kva dette kan bety for oss i Bakken:
- Respekt for alt liv i naturen, ta borna med på ulike turar i ulik natur
- Bevisstgjera borna på handlingane sine
- Kjeldesortering i barnehagen
- Hjelpe borna å ta ansvar og respektera eigne og andre sine ting
- Vaksne som gode rollemodellar
- Fokus på leiker som varer, unngå bruk og kast