Livsmeistring og helse
«Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever å bli krenkt eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje det opp.»
Serina Sørfonn - 20.09.2022 10.42
Kva dette kan bety for oss i Bakken:
- Leggje til rette for leik og utfalding
- Øve på turtaking
- God organisering av dagen
- Tilbod om sunt og variert kosthald
- Deltaking i matlaging
- Glede og humor i kvardagen
- Oppleve meistring og eigenverdi
- Snakke om kjensler, alle kjensler er lov å ha
- Gi rom for kvile og ro i kvardagen
- Barna skal bli møtt av autoritative vaksne som tek ansvar og som vidareformidlar bekymringar.