Barnehagen har i dag 3 avdelingar:
Sommarfuglen med 12 småbarnsplassar 0-2 år
Marihøna med 24 plassar for born i alderen 2-4 år (born under 3 år tel 2 plassar).
Blåklokka med 24 plassar for born i alderen 4-6 år.
Plass-storleik og pris (foreldrebetaling):
August 2023:
Heil plass kr. 3000+ 300 (frukost, lunsj, mjølk, frukt)
Opningstid: 6.45- 16.30
Kor ligg barnehagen?
Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken. Adressa er Varhaugsvegen 2, men hovudvegen til barnehagen går via Fitjar Idrettspark.
Barnehagen har eit flott og variert uteområde med leikeapparat, plen og ulent terreng. Dessutan er nærområdet til barnehagen Fitjar Idrettspark og friluftsområde Rossneset der me har lavvo. Hovudmottoet for barnehagen er ”Trivsel, glede, leik og rørsle!”
Personalet: Barnehagen har 7 barnehagelærarar (styrar, 2 barnehagelærarar på kvar avdeling) + barne/ungdomsarbeidarar og assistentar. Me har ein pedagogandel på 50% av personalet, dvs. 12,8 store barn pr pedagog, normen er 14 store barn (7 små barn) pr pedagog.
Vi har innfridd bemanningsnormen som er 6 store barn/ 3 små barn pr vaksen
Kurs: Barnehagen legg vekt på at personalet skal få auka kompetansen sin ved å delta på kurs. Difor deltek heile personalgruppa på kurs, 1 heildagskurs + kurskveldar (sjå kompetanseplan for personalet i årsplanen)
Satsningsområde:
- Prosjekt/utviklingsarbeid: Vennskapsbarnehage
Barnehageåret 2008/2009 starta me opp Vennskapsbarnehage-prosjektet. Me inngjekk avtale med ”Stefanusbarnehagane” i Kairo, Egypt i samarbeid med Stefanusalliansen og IKO. Desse barnehagane i ”Søppelbyen” vert dreve av Maggie Gobran (mest kjent som Mama Maggie), universitetslektoren som forlèt sin gode stilling for å hjelpa dei aller fattigaste.
Prosjektet blei vidareutvikla barnehageåret 2009/2010. Me fekk prosjektmidler og 3 av personalet reiste i sept/okt.-09 på studietur til Egypt. Kvart år, i desember, arrangerer me vennskapsfest der innteketene går til dette prosjektet.
- Språk
”SPRÅKSPRELL”: Dette er eit metodisk opplegg for førskulebarn som me bruker i enkelte samlingsstunder. Opplegget legg vekt på ordrytme,rim og regler, rimord osb. og er med på å fremje barns språklege utvikling.
- Sosial kompetanse
Me bruker kompetansehevingsprogrammet "Være sammen", nettverksamlinger/ faglitteratur og bøker for barnegruppa.
- Førskulegruppe
Barnehageåret 2023/24 går 14 førskulebarn i barnehagen vår.
- Utvida kristen formålsparagraf
I ein barnehage med vid praktisering av den kristne formålsparagrafen , vil fagområdet ” Etikk, religion og filosofi” ha ein større plass enn i dei fleste andre barnehagar. Enkle kristne barnesongar og Bibelforteljingar har ein naturleg plass i barnehagekvardagen. Me har eit godt samarbeid med Fitjar kyrkje som inneber at prestane kjem på besøk og deltek i nokre samlingsstunder. Me har og eit samarbeid kring høgtidene: julegudsteneste m/ julespel, påskevandring , pinsevandring og hausttakkefest.
Velkommen til å ta kontakt!